MS på nordøya
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.

Fram til 1960 budde Anna Nordøen saman med son sin, Ansgar, på nordøyo utanfor Vikane i Ølve. Etter det budde Anna åleine på øya. Sonen vart sjuk i 1956. Haugen kom, og diagnosen vart stilt. Guten hadde fått MS og kunne ikkje verta frisk.
Etter det levde han stille og roleg saman med mora og dyra dei hadde. Mora stelte sonen, det var lite besøk til dei på øya, men dokter Haugen kom innom med jamne mellomrom med medisinar. Sjukdommen krov sterkare medisin etter kvart.
Ansgar døydde i 1960, 52 år gammal.