Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Setebelte

Sjølv om eg var ganske vaksen før eg fekk meg bil, har eg praktisert køyrekunsten i så mange år no at eg bør ha rett til å koma med nokre kritiske merknader til desse moderne køyretøya.

Det er først og fremst desse symbola på dashbordet, og pipelydane som følgjer med, som irriterer meg. Dersom ein er så syndig og ventar ein augneblink før ein festar setebeltet, så blinkar det besett, og pip noko inn i granskogen. Det er jo påbudt å ha på seg belte, må vita. Ein får bot om ein gløymer det. Det er det første ein lærer på køyreskulen.

Slike sjølvsagte ting vil eg ha meg fråbedd å bli plaga med! Kva er det bilprodusentane tenkjer om oss. Veit dei ikkje at vi er tenkjande menneske?

Du kjem til dømes frå butikken ein dag, og har handla posen full, slengjer han på setet ved sida av deg, tek på bilbeltet og køyrer glad avstad. Kva skjer? Jo, då pip den hersens varslaren for nabosetet, der du har plassert ein pakke kotelettar, litt kjøtpålegg og ein liter mjølk.

Ja, det er heilt greit at eit kjøtstykke får beskjed om å ta på seg setebeltet. Men eg som tenkjande menneske, vil ha uvesenet fjerna fortast mogleg.

Lars Jostein
12.01.15.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Transport

No legg kloke menn og kvinner verda rundt hovuda sine i bløyt for å gjera bilkøyringa vår enklare. I framtida, seier dei, skal ein kunna setja seg i baksetet på sin eigen bil, be han køyra deg heim, og du kan trygt ta deg «ein liten ein», før du startar heimturen.

Dette har me i Røyrvika venta på i årevis. Skal me ha oss ein kosekveld på eit av dei velrennomerte etablissementa i tettstaden vår, blir me på det næraste ruinerte berre for å koma oss heim om natta.

Me er litt misunnlege på forfedrene våre. Etter eit triveleg lag i nabobygda kunne dei berre velta seg over hesteryggen eller i møkakjerra, og hesten tok dei trygt heim att. Prinsippet til datanerdane er altså hundrevis av år gammalt.

Men ein ting maktar ikkje desse nye oppfinnarane. Dei klarar ikkje å laga pålegg av framkomstmiddelet når det blir gammalt og utslite.

Lars Jostein
11.01.15.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Ein tur innom banken

Hin dagen hadde eg ei merkeleg oppleving. Å kalla det ei «nær døden»-oppleving, er vel å gå for langt, men at det er døden for banktilbodet vårt, vil eg sterkt vurdera å kalla ei sanning. 

På grunn av visse omstende var det slik at eg forvilla meg inn i eit banklokale på det lokale senteret. Det må vera minst eitt år sidan eg har gjort ei slik formasteleg handling. 

Vel inne i lokalet leita eg etter den gamle kølappmaskina. Seinare skjøna eg at noko slik innretning var heilt uinteressant i denne samanhengen. Eg blei ståande midt på golvet rådlaus. Ingen var å sjå bak skranken der eg hadde håpa å få hjelp. 

Etter kvart dukka det opp nokon eg kjenner. Me blei ståande og preika der midt i lokalet, medan banktilsette surra rundt oss utan å visa den minste interesse for om me hadde eit ærend å utføra. 

Eit kvarter gjekk. Me hadde ein triveleg samtale der på golvet. Nokre minuttar seinare hadde eg fått nok. Eg tok med meg papira mine og rusla ut i desemberkulda.

Lars Jostein
04.01.15

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Tilbodskaos

Eg veit at eg vandrar på tynn is no, og den ligg heller ikkje over grunt vatn. Forskinga mi byggjer på litt manglande talmateriale, men resultata er så eintydande at dei likevel bør vurderast med den største respekt.

Det har seg slik at eg har halde meg i lag med ein gjeng firbeinte, ullkledde skapningar dei siste dagane. Det var på høg tid å saga ned askerydningar i nærleiken av huset vårt, for å få tilbake den fantastiske fjordutsikten. Desse skapningane hadde beitet sitt på bakkane der eg arbeidde.

Sauer er ålreite dyr, seiest det, og det er desse tobeinte i høgaste grad også i sine beste stunder.
Det er når dei båe får teften av gode tilbod at dei endrar karakter og «går ut av sitt gode skinn».
I det askegreinene ramla i bakken var flokken der på ein blunk. Dei første tok ein bit, så vassa dei over lauvhaugen i jakta på noko som kunne vera endå betre. Det var då det slo meg at eg hadde sett slik framferd tidlegare. Utanfor manufakturbutikken som har annonsert storsal, står det ein kø av spente kundar. (les: damer). I det same dørene opnar stormar alle fram for å vera først til det første stativet. Når dette er overfladisk rota til, slik at andre knapt finn fram i rotet, er det i full galopp til neste.

Lars Jostein
26.12.14.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Jul

Det nærmar seg jul
Englar frå skjul
Julahandel
Graut og mandel
Søte og fine
Små mandarine
Fiken og dadle
Og presanga te adle
Ut i terrenge’
Om ikkje så lenge
Julatre
Hogga di ne
Rundt novo
Inn i stovo
Pynta og fjelga
Te julehelga
Setta seg ne’
Nypynta tre
Førjulskos
Tende ljos
Nippa te brusen
Så kjeme pusen
Vesle pjusken
Byksa i busken
Pusen i ras
Kuler i knas
Han e’ høgt i toppen
Kattakroppen
Den blanke stjerna
Vart enkelt fjerna
Så vert eg bus
Ut med deg Pus
Så å lya
Di kattaslya
Han e sprelsk så ei hysa
Blant juletrelysa
Pusen, den heidningen
Bite i leidningen
Ein lysande katt
På 1000 watt
Bukta og vreid seg
Bartane svei seg
Strauk på dør
Urven og ør
Med bustete ragg
Og norske flagg
Snipp snapp snute
Pusen e’ ute
Det e’ jul i Norge

Arne Torge’

Les mer