Det vart stille!

Johanna Kalstad hugsar ein gong ho var på dokterkontoret i Rosendal med dotter si for å få henne vaksinert. Det var spedbarnskontroll, og mange andre var der i same ærend. Ungane skreik og skreik, og det var eit skikkeleg hylekor på venterommet etter kvart som dei nyvaksinerte kom ut og hadde fått sprøyta si.

Les mer

Bomtur!

Haugen var nitidig og nøye i det som var av kontorarbeid, vert det fortalt av dei som hadde med han å gjera på dette området. Kvar månad leverte han «rekneskap» til trygdekontoret slik at han kunne få utbetalt det han hadde rett på. Månadsoversiktene var ført for hand, og summeringane var gjort på gamlemåten utan tekniske hjelpemiddel på den tida.

Les mer

Sjukemelding?

Det var lytt mellom dokterkontoret i Rosendal og venteværelset, etter som det ikkje var lydtette dører den gongen. Dermed vart dei som sat og venta ein gong vitne til ein pasient som klaga seg mykje for vond rygg. Han meinte tydelegvis sjølv at det einaste som hjelpte var ei sjukemelding.

Les mer

Krupp

Lars Næs var mykje plaga med krupp då han var liten. Ein kveld han fekk eit sterkt anfall, heiv faren seg på mopeden og køyrde til Haugen, sjølv om han visste at dokteren likte dårleg slike besøk om kvelden etter at han hadde lagt seg.

Les mer

Fjerna feittklump

Hans Storedale har ei forteljing som verkeleg illustrerer den store omveltninga som har vore når det gjeld tekniske hjelpemiddel dei siste 50–60-åra. Han fortel at far hans var mykje plaga av sjukdom, og før han døydde berre 59 år gammal, hadde han lege sjuk og blitt pleidd heime i Storedale i seks år.

Les mer

Tilkalla legen per brev

Hans Storedale har ei forteljing som verkeleg illustrerer den store omveltninga som har vore når det gjeld tekniske hjelpemiddel dei siste 50–60-åra. Han fortel at far hans var mykje plaga av sjukdom, og før han døydde berre 59 år gammal, hadde han lege sjuk og blitt pleidd heime i Storedale i seks år.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

Til sjukehus for blindtarmen

Turid Rønning, med jentenamnet Omvik, no busett i Oslo, har òg fleire minne frå møte med Haugen under oppveksten i Omvikdalen. Ho fortel at ho i 1953 eller -54 vakna og hadde så forferdeleg vondt i magen. Det hjelpte ikkje kor ho snudde og vende på seg, så det enda med at foreldra ringte til dokteren.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

Alle måtte ta i

På 60-talet var det eit vegarbeid i Kvinnherad som bar namnet Veganlegget Herøysund – indre Fet. Små vegstubbar vart utvida og forbetra. Vegingeniør Finn Nitter var ofte i bygdene i denne tida. Det var lokal forretningsførar, og kjærkome arbeid for mange.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

– Det var jo også en løsning

Dette skjedde ein gong på 60-talet. Ei eldre kvinne var alvorleg sjuk. Neste morgon skulle ho køyrast til sjukehus av ein nabo, og om kvelden vart ho lagt i sjukekorg i samråd med dokter Haugen. Samaritten i kommunen, Margot Eikeland (seinare Haugland), ordna det meste.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

Rottegift og dramatikk

Som småbarnsmor opplevde Frøydis Sjo Fjellhaugen ei dramatisk hending, der det kom svært godt med å få hjelp av dokter Haugen. Her følgjer Frøydis si forteljing frå hendinga på slutten av 60-talet.

Les mer