Gjerandslaus og nyttelaus
Fredagkommentaren denne veka kom til i ei gjerandslaus stund under ein parasoll i 28 varmegrader.
Det er snart ikkje att eit einaste område der me gammaldagse handymennene kan praktisera kunstene våre. Moderne innretningar gjer at sjølv den største «treneve» klarar seg sjølv. Hitt året måtte eg assistera hjelpelause «jomfruer» og klønete kontoristar når dei skulle få parasollane sine til å stå imot ein liflig Middelhavsbris.
Men trur de ikkje at det no var montert ein innretning der det berre var å setja parasollstanga ned i eit røyr i sanden. Der låg eg og kjende meg gjerandslaus og nyttelaus. Godt er det då å vita at ein har ei kone som har planar for både det eine og hitt når ein kjem heim frå dette slaraffenlivet.
Lars Jostein
29.05.15.
Russarar og trøndarar, same slag
Middelhavets bølgjer ventar om ikkje så lenge. Difor er det greit å mimra litt på ein fredag:
Å liggja på ei solseng i «Syden» bør kvalifisera til ei halvårseining i sosialantropologi. Ulike språk og varierande framferd utvidar bestemt horisonten vår.
I ei veke hadde me vore omringa av russarar. Dei skravla høglytt seg imellom utan at me skjøna orda, men faktene gav inntrykk av at det var alvorlege ting dei hadde føre seg.
Så ein dag var dei borte. I staden strøymde ei «busslast» med trøndarar inn på stranda. Etter at dei hadde nytta tida vel i strandbaren ein times tid, var det stort sett det same om det var dei eller russarane som heldt oss med selskap. For ein ustudert vestlending er russisk eller trøndersk med ein i promille stort sett det same, så me fortsette med boka vår som om ingnting hadde hendt.
Denne gongen har me for sikkerhets skuld teke med oss to av arten (trøndarar, altså), slik at me kan få beskjed dersom nokon frå landsdelen deira snakkar stygt om Brann!
Lars Jostein
17.04.15.
Alltid for seint!
Denne gongen har eg tenkt å lufta eit vanleg, men likevel forunderleg fenomen. Høyr berre her:
Nokre av oss, ja, det er stort sett dei same heile tida, klarer aldri å vera presise når dei skal møta nokon stad, enten det gjeld private samkome eller møte i eit eller anna lag. Du veit at dei kjem, men klokka blir alltid fem eller 10 minuttar etter avtalt tid.
Det er då eg lurer. Dei hadde mest sannsynleg også sagt ja til å koma dersom innbydinga eller innkallinga til møtet hadde vore ein time tidlegare. Då er spørsmålet, som kan vera verd i nærleiken av tusen kroner: Kva i all verda har dei det så travelt med denne timen, der dei likevel kunne vore tilstades, som gjer at dei ikkje klarer å møta presis ein time seinare?
Lars Jostein
13.04.15.
Uhøveleg framferd
Det må vera lov å irritera seg over eitt og anna, sjølv på ein fredag. Her i Rørvikjå har me alltid vore i fremste rekkje når det gjeld sømeleg framferd. Og no nærmar eg meg poenget.
Det er nyhendeformidlarane på fjernsynet eg har «ei høne å plukka med». Dei har lagt seg til den uvanen å stå når dei kjem inn i stova vår med nyhenda sine. Ja, dei fer til og med og travar rundt på studiogolvet med eit papir i neven. Hadde nokon oppført seg slik i ein møblert heim vest for Kaldestad hadde dei fått beskjed om å setja seg ned øyeblikkeleg.
Ikkje er det berre uhøveleg framferd. Det tek fokuset bort frå bodskapen dei skal formidla. Me kan gå glipp av at Putin annekterer nok eit land,eller at Brann tilfeldigvis skulle vinna ein treningskamp i fotball, medan me er opptekne av å studera leggene til Lisbeth Skei eller buksepressen til Arill Riise.
Lars Jostein
20.03.15
Om vekking
No er neste tur til Middelhavet bestilt. Det er berre å finna ein sikker måte å bli vekt på: Når me skal ut og reisa, likar me å ha fleire vekkingsalternativ. I fjor sa den gamle og trufaste vekkeklokka takk for seg.
– Eg vil ikkje ha ei slik digital ei, sa eg. Me klarar aldri å programmera henne.
Som sagt, så gjort. Det nye mekaniske uret kom på nattbordet. No skulle vekking aldri bli nødvendig! Urverket bråka som ein trommeslagar på 60-talet. Resultatet var at søvnen aldri kom. Det var aldri fare for å forsova seg.
– Me kjøper ei digital ei, slik at du ikkje blir forstyrra, sa kona.
Problemet er berre at nokre luringar har putta ei mengd med funksjonar utanom vekking på dette "vidunderet", og dei som skriv brukarrettleiinga lever på ein annan planet enn oss. Men ho gjer faktisk jobben sin denne også, og vel så det. No ligg eg vaken heile natta og ventar på om alarmen verkeleg kjem på det tidspunktet me trur han er innstilt på.
Lars Jostein
på fredag den 13.