Uhell under skogsarbeid


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Hans Storedale i Ølve har fortalt oss ei historie han har høyrt frå Hatlestrand. Det handlar om to karar som var på skogsarbeid. Dette var lenge før motorsaga si tid, så arbeidet skjedde med manuell sag, og kvistinga vart gjort med øks.

Under kvistingsarbeidet var det ei grein som stod i spenn; ho stod i boge. Då greina vart kutta, vart spenninga utløyst, og ho trefte skogsarbeidaren med god kraft i kinnet under eine auget. Det blødde kraftig, og den andre karen tok noko han hadde for handa og fekk surra det på for å stoppa blødinga.

Dei gjekk heim og ringte til Haugen. Han sa at dei måtte koma til kontoret i Rosendal, og dei reiste over fjorden med motorbåt.

På kontoret tok Haugen av den provisoriske bandasjen, kika på såret og kommenterte:

– Dette var meget, så her må det syes.

– Nei, du! Der midt i ansiktet? Blir ikkje det stygt då? kom det frå den forskrekka pasienten.

– Jo, gjerne det, men De har vel aldri vært noe pent menneske, kom det roleg frå Haugen, før han sydde. Korleis det estetiske resultatet vart, kjenner vi ikkje til.

Forrige
Forrige

Rask legehjelp

Neste
Neste

Fjerna feittklump