Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Trappesnakk

Det er fredag og tid for refleksjonar. Eg er stort sett ein tolmodig mann. Men det er visse situasjonar i livet som set tolmodet mitt på prøve. Ein av dei er det eg her kallar «trappesnakk».

Slik fortonar problemet seg:

Me har site i triveleg selskap i timevis, og preika om laust og fast. Brann sin elendige fjorårssesong er det berre eg som har prøvd å bringa på banen. Emnet blir kvikt avvist med ei uvesentleg hending frå nabobygda. Så er det tid å gå heim, selskapet seier farvel, og får på seg yttertøyet. Det er då det skjer. 

Vel ute på trappa er det full stopp. Det dukkar plutseleg opp fleire emne som ikkje har vore gjennomdiskuterte tidlegare i selskapet. Eg går kvilelaus omkring enten eg er vert eller gjest. Til slutt kjem eg på det forløysande ordet.

– Eg trur ovnen held på å slokna.

Lars Jostein
30. januar 2015.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Om fotball – og mangel på interesse

Eg har kjekke born, grei og snill kone og annan omgangskrins rundt meg. Me møtest både i kvardag og fest. Ja, me møtest til dei mest utrulege tider. Og no er eg snart ved poenget.

Mest alle dei eg har nemnt ovanfor lir av same «sjukdommen». Dei er nemleg ikkje interesserte i fotball! Dette kan føra til dei forunderlegaste situasjonar i heimen vår. Her har eg ofte gått med magasug og småskjelving i dagevis, og venta på at klokka skulle bli 18.00 på søndagane. Så plutseleg ringjer det på døra, og inn kjem ein eller annan av desse eg før har nemnt. Dei lest som ingenting, eller så er dei heilt desorienterte. Stikk nasa innom fjernsynsstova og spør. Er det fotballkamp?

Fotballkamp, for søren! Det er ikkje berre ein fotballkamp. Her har eg lada opp, prøvd å få kvilepulsen ned i 100, og så kjem spørsmålet som får han opp att i 120. Det er Brann som spelar, seier eg. Laget med stor L. Dei forstår ikkje problemstillinga, ruslar inn til kaffibordet som om ingenting hender.

Eg må innrømma at det er med ein viss motvilje eg beundrar denne ignoransen for eit av dei viktigaste tinga i livet.

Lars Jostein
28.01.15.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Duppedittar

Kva i all verda skal vi vanlege menneske gjera på i framtida. Dei klokaste (datanerdane) av oss brukar all si tid til å finna på ting som gjer at vi andre ikkje skal bruka tida vår på å utføra praktiske trivielle ting. Heretter skal vi berre kasta bort time etter time for å finna ut korleis ein elektronisk duppeditt fungerer, slik at vi skal sleppa å utføra dei praktiske oppgåvene vi i generasjonar har funne meire eller mindre meiningsfulle.

Kva skal vi bruka hjernen vår til, når vi har brukt all vår energi til å setja oss inn i brukarrettleiingar til meir eller mindre unyttige dingsar. Eg les til dømes her om dagen at Wolkswagen no skal ha skiltgjenkjenning på displayet på dashbordet. Vi kan snart berre sitja og «sløva» i bilen, og ikkje eingong følgja med på det som går føre seg rundt oss.

Kunne ikkje desse kloke hovuda brukt fantasien sin til forbetringar som kjem dei vanskelegstilte i verda til gode? Kanskje den oppgåva blir for komplisert. Lat i alle fall oss vanlege folk få halda fram med å utføra praktiske oppgåver i kvardagen. Korleis skal vi elles klara oss når elektronikken sviktar?

Lars Jostein
22.01.15.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Telefon med veteran-status

Fredagskommentaren denne veka kan tolkast slik at alt var betre før i tida, noko som sikkert òg kan seiast om opphavsmannen:

Saka er nemleg den at opp til fleire gonger i veka kjem eg i ein situasjon som gjer meg brydd. Og det er ikkje i dei situasjonane der kona meiner eg burde halda ein «lågare profil». Nei, det er kvar gong eg må ta fram mobiltelefonen min problemet dukkar opp. Og då snakkar eg om telefon, ikkje multiverktøyet som er allemannseige i dag.

Me er ein eksklusiv klubb, stort sett beståande av godt vaksne menn, som tviheld på at mobilen skal brukast til samtale og SMS. Me hoppar bukk over alt frå Iphone 1 til Iphone 6. No går eg berre og ventar på at den gamle slitaren skal få veteranstatus. Mange køyrer rundt i veteranbil med nasen i sky, og er krye av doningen sin. Om nokre år kan også eg med stolthet fortelja, når nokon spør meg kva mobil eg brukar, at jo, det er ein Nokia 1200, 2007-modell. Den har eit batteri som varer i ei veke, og alle deler er originale.

Lars Jostein
16.01.15.

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Ein fjern draum

Fredagskommentaren denne veka tek føre seg eit velkjent fenomen:

I ei årrekkje har kona og eg møtt førstnemnde sine kvinnelege søskenbarn til ei triveleg førjulshelg med handel og kulturopplevingar i Bergen. Dei har også med partnarane sine, og me mannfolka prøver å finna meir kulinariske aktivitetar enn damene på dagtid. 

Sist førjulshelg – etter inntak av ei dryg skei med anna enn Møllers tran – fekk ei av damene det for seg at det kunne bli vel mykje handling. Det enda med ein samstemmig lovnad om å kjøpa berre ti klesplagg kvar det neste året. Det høyrdest enkelt ut ein laurdagskveld i godt lag, men no ryktast det på sosiale mediar at målet berre blir ein fjern draum. 

Uimotståelege tilbod frå sleske manufakturseljarar blir for freistande for den som ønskjer å ta seg godt ut. No føreslår eg at me mannfolk vel ein kompetent representant blant oss og riggar til eit skrifterom ved neste møte. Så kan dei som har dårleg samvit koma i all løynd og vedkjenna syndene sine.

Eg er redd det blir hardkjør for skriftefaderen.

Lars Jostein
13. januar 2015

Les mer
Kommentar Kristen Børje Hus Kommentar Kristen Børje Hus

Framtidshuset

Framtida er det intelligente huset. Du høyrer kva eg seier! Eg snakkar ikkje om den intelligente bebuaren. Nei, det er lampar, gardiner, TV og dørar eg snakkar om. Dei skal i framtida lyda ein mobiltelefon eller eit nettbrett.

Det blir brått slutt på nennsom berøring frå husets frue eller herre. No skal dei alle motta kalde kommandoar frå ein anonym avsendar. Eg synest eg ser framtida i eit hus eg kjenner på nært hald. Husets herre går kvilelaust omkring og leitar etter apparaturen som får dører til å opnast og vindauge til å lukka. Så kjem eg i tankar om kva etterkomarane vil kunna.

Blir det slutt på kunnskapen å opna ei dør, eller slå på lyset når kveldsmørkret senkar seg?

Lars Jostein
12.01.15.

Les mer