Gaute Lund: – Kvinnherad-alternativet er best og billegast for E134
– Hovudvegen mellom Oslo og Bergen må i framtida gå gjennom Kvinnherad og ikkje via Odda og Jondal, slik Statens vegvesen tidlegare har sagt, meiner det nyskipa selskapet Sunnhordlandsdiagonalen AS. I dette lyd-intervjuet peikar styremedlem Gaute Lund på at deira alternative trasé er den absolutt beste, og truleg også den billegaste.
Eldreomsorg
Denne fredagen stikk eg fingrane inn i eit vepsebol, eller eldreomsorg som det heiter i Kvinnherad.
Alle seier dei vil satsa på eldreomsorg, særleg modige menn frå «Perlo» lengst sør i kommunen. Men dei har ingen sjanse mot partiet som er uglesedd av dei andre i den opprinnelege storkoalisjonen. Dei vil rett og slett satsa på dei eldre, skriv dei med store bokstavar i ein annonse i lokalavisa.
No kan ingen trettiåring kjenna seg trygg for arbeidsplassen sin lenger. Du skal sjå at det sit ein åttiåring i luka neste gong du kjem på helsesenteret og treng lækjarhjelp.
Lars Jostein
14.08.15
Minneord
Denne fredagen vil eg skriva eit minneord over samlarane blant oss.
Den digitale framtida kastar mørke skuggar over oss samlarane. No er nok kona glad for at mine 3000 tippeblad ikkje blir til 5000. Verre er det for dei seriøse frimerke- og myntsamlarane. Dei har ikkje mange nyutgjevingar i vente. Pengar og frimerke er snart ein saga blott.
Og så er det dei gode, gamle platene då. Dei som var raude, gule, blå og grøne, og hadde eit kunstferdig cover. I den tida kunne ein invitera ei jente på hybelen for å visa henne platesamlinga si. Kanskje lura ein romantisk melodi på spelaren og ha skumle hensikter.
Det blir ikkje same stasen å invitera henne inn for å sjå den eksterne harddisken og skryta av at ein har streama fem gigabyte med musikk.
Lars Jostein
Birgit Boland: Eit langt og allsidig liv
Birgit Boland på Hatlestrand nærmar seg 96 år, og er det næraste vi kjem eit levande leksikon. I dette lyd-intervjuet fortel ho om korleis det var å veksa opp i Osa i Hardanger, som einaste barn i familien. Mora fødde i alt sju born, men seks av dei døydde etter berre nokre få dagar.
Jul i juli
Jul i juli bør vera ei passande overskrift i dag.
Det er ikkje lett å skjøna kva årstid me er i. Rett nok er det lysare enn vintersdagen, men temperaturen gjer at Kvinnherad Energi sopar inn pengar, som om det skulle vera ved juletider. Sjølv handelsstanden er komen i tvil om årstida.
Her om dagen kjøpte eg ein pakke med toalettpapir av mjukaste sorten. I forbindelse med eit nødvendig ærend på toalettet, drog eg ut ei god strimle av det nyinnkjøpte produktet. Stor var overraskinga då eg blei ønskt God Jul med raude bokstavar.
Kona har forlangt at eg legg bort resten av opplaget. Ho likar ikkje julehelsingar i juli. Så no ligg rullane med den glade bodskapen godt gøymt i kjellaren. Dei får venta til dei har fått endå nokre månader på baken.
Lars Jostein
Musikk eller nyhende?
Denne fredagen kjem nok ein sur kommentar frå ein gammal gretten gubbe. Og det er dei moderne medieaktørane som skal få det, nok ein gong.
Tidlegare var det «standupopplesaren» som fekk sitt. Men no har ein drege det endå lengre. Ein veit ikkje lenger om det er eit musikkprogram eller nyhende ein får presentert. Starten på sendingane er som skreddarsydde for rapparen «Onkel P».
For å halda tritt med utviklinga, kjem nok nyhendeopplesaren dansande inn til musikken om ikkje så lenge. Då får me kryssa fingrar for at ikkje «Blomster-Finn» blir å finna i nyhenderedaksjonen!
Lars Jostein
Meir om kvinnfolk
Førre fredag var det mykje snakk om kvinnfolk, til dels av det brutale slaget. I den samanheng har eg lurt på kvifor dei fleste uvêr er kalla opp etter jenter.
Vi som har vore gifte ei stund, kan ha våre mistankar. Men me kan motvillige vedgå at denne bruken av kvinnenavn kan vera litt urettferdig. Kan me ikkje heller få navnet deira på godvêrsperiodar?
Hadde det ikkje vore stas dersom Gislefoss’en stod i fjernsynet med solskinsmil og knappane på dressjakka i høgtrykk, og la ut om godvêrsperioden «Elise». Med sin godlynde pondus kunne han til dømes seia; «…ho kjem varm og mjuk og omfavnar oss med sol og varme i to heile veker».
Det hadde vore jenta si det!
Lars Jostein
Om kvinnfolk
Denne fredagen er det på høg tid å snakka litt om kvinnfolk.
Eg trur at eg har nokonlunde kontroll på oppgåvene kåno har planlagt for meg den næraste tida. Men i januar fekk eg besøk av eit anna kvinnemenneske. Ho stelde seg slik at eg ikkje blir gjerandslaus dei neste månadene.
«Nina» heitte ho, og kom våt og vill utan at ho var invitert. Ho tok føre seg av skogens rettar som ein russisk charterturist, heldt på til ho var mett, og så fór ho utan å ta oppvasken.
No gler eg meg berre til vinteren kjem. Då skal me setja oss i ovnskroken og varma oss på «restematen» ho etterlet seg.
Lars Jostein
19.06.15.
Bernt Kaldestad: Om livet på brislingfiske, og som pensjonist
Sommaren 1939, før Bernt Kaldestad hadde fylt 18 år, fekk han jobb som kokk på ein fiskebåt, der han laga mat til tolv mann. Båten dreiv med brislingfiske i fjordane rundt om i Sunnhordland og Hardanger. I dette lydintervjuet fortel den no 93 år gamle Kaldestad om tida som kokk om bord. Han må ha greidd seg bra, etter det vi kan forstå, for han høyrde aldri nokon som klaga.