Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

Volkswagen

Eg har skjøna at fredagen er dagen for å koma ut av skapet, og her er mi vedkjenning:
Eg køyrer Volkswagen. Ikkje berre ein, men to av arten finst på tunet vårt. Det er med ei viss redsle eg legg ut på landevegen med eit av eksemplara. Vil eg møta nokon som kjem gåande og kjenner lukta av avgassane eg spreier rundt meg?
Der sit eg bak rattet med den same kjensla, som om eg skulle ha vandra gjennom ei danna forsamling og sleppt ein fis. Men det er håp i sikte. Den eine bilprodusenten etter den andre blir no skulda for juks. Eg leitar med lys og lykte etter svenskane sin heilagdom på den lista.
Eg vil nødig møta gliset til dei Volvo-køyrande kompisane mine dersom dei går klar.

Lars Jostein
16.10.15.

Les mer
Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

Medisinering

Denne fredagen vil eg snakka snakka litt om helse. Eg er nemleg komen i ein situasjon der eg må innom apoteket av og til. Det er berre for å få nokre preparat som skal halda meg frisk lenge, ifølgje fastlegen.

Men det er i denne situasjonen eg burde hatt hans utdanning og vel så det. Dei medisinane som skal gjera susen, skiftar namn heile tida, slik at det som står på resepten enten er gammalt nytt, eller for dyrt for samfunnet.

Dama bak disken på apoteket seier smilande at det er same virkestoffet. Vil du ha det?

Svaret mitt er som oftast: «Du vil vel ikkje ta livet av meg, så du får berre koma med eitkvart».

Lukka har vore på mi side. Her sit eg og skriv i nærast medviten tilstand.

Lars Jostein
09.10.15.

Les mer
Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

«If you need me»

For nær eit halvt hundre år sidan var me ein gutegjeng som starta eige band. Kva draumar me hadde kan eg ikkje hugsa no, men eit delmål var i alle fall å sjarmera jentene, men eg vågar ikkje å gå nærare inn på det prosjektet her på Skimtvis.

No har me sett i gong med øvingar for å delta på Rock ’15 i idrettshallen 31. oktober. Musikkekspertane kjem nok ikkje til å koma med dei største superlativa. Jentene kjem heller ikkje til å strøyma til bakrommet for å få autografen vår. Men kan me få ei og anna bestemor i salen til å minnast med glede då ho og kjærasten dansa tett omslynga når me spela «If you need me» med The Rolling Stones, er målet vårt langt på veg nådd. 

Kanskje sit det også ein bestefar attmed henne som smiler i skjegget og tenkjer på det same.

Lars Jostein
02.10.15

Les mer
Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

Eit syn for auga

Å reisa langs landevegen no om hausten er ei storslagen oppleving. Denne veka fekk me med oss ein blankstill Sørfjord, kveldssol over saftbygda ved Sognefjorden, og gråvêr då me på heimvegen humpa oss gjennom baronibygda i vår eigen kommune.

Me passerer Felleskjøpet i Dimmelsvik og kjem inn i området der veljarane har drive «den brende jords taktikk», og fjerna alle høgrerepresentantar.

Men det er ingen ting som kan måla seg med det synet som møter oss då me rundar Rausteinskleivane. Det er då eg får lyst til å bruka diktarens ord; «…det opnar seg så vent eit syn for auga». Der ute ved fjorden ligg vår eigen heimplass, Rørvikjå. Sjølv ikkje tunge regnvêrsskyer hindrar kveldssola i å kasta nokre stråler over heimplassen vår!

Lars Jostein
25.09.15.

Les mer
Kommentar Kristian Hus Kommentar Kristian Hus

Kommuneval

Det er med vemod eg må skriva ein slags nekrolog over ein stad, som er lagt i stabilt sideleie. Tysdag morgon kunne me, med stor sorg, konstatera at nabobygda var den politiske døden nær.

Du blei fødd rundt 1963, og sleit med enorme vekstsmerter i ungdommen. Den mektige bygda nord i kommunen, gjorde alt ho kunne for at du ikkje skulle få gode vekstvilkår. Men du tok føre deg, og ønskte å bli den største og sterkaste.

På måndag var hevnens time komen. Folk frå dei ytterste nes til innerste krokar fann fram kulepennen og kryssa av for lokale heltar. No får gode krefter stella godt med deg, og prøva å halda deg i live dei neste fire åra. Til den tid har kanskje Arne på Bokhandelen lagt ut kulepennar på tilbod.

Lars Jostein
18.09.15.

Les mer