Julemiddag
I dag er det vel på høg tid å stikka innom butikken og kjøpa julemiddagane. I år skal dei visstnok vera så billige at kvardagsmaten til katten er høgare verdsett. Difor kjem eg til å gå demonstrativt forbi kattemathylla, og direkte til haugane av ribbe og pinnekjøt.
Katten skal forsyne meg få nøya seg med same kosten som oss i år. Om han set pris på menyen, gjev eg katten i. Eg kan ikkje tenkja meg situasjonen i juledagane der han sit og gomlar gourmetmat frå skåla si, og sender hovmodige blikk mot oss som sit ved bordet og må nøya oss med svinaktig billig ribbe.
Heldigvis er det berre tre månader til Brann skal servera oss storspel i Tippeligaen.
Lars Jostein
18. desember 2015.
Vinteraktivitetar
Kva skal eit stakkars mannfolk finna på i mørke haust- og vinterkveldar? Fjernsynstilbodet består stort sett av Grey’s Anatomy, Bonderomantikk og ei endelaus rekkje med realityseriar. Jau, ein riggar seg til med ein «feit» flatskjerm i den gamle kjellarstova, stablar godt med puter i sofaen, finn fram fjernkontrollen og stiller inn på ein fotballkanal.
Det er då inspirasjonen frå tallause «Tid for hjem»-program melder seg hos den andre halvdelen i husstanden.
– Du må mala veggene på nytt, og pussa vinduskarmane», seier kona. Det kan ikkje sjå slik ut når du skal halda til her i timesvis.
Eg prøver meg med at sidesynet er så svekka at det så vidt rekk over fjernsynsskjermen. Leicester, Manchester United og Schrewsbury og andre krev alt fokus, og då kan veggene sjå ut nett som dei vil for min del.
Og så er det berre eit par månader til Brann startar treningskampane sine.
Lars Jostein
04.12.15.
Svart fredag
Den svarte fredagen er over oss. Er dei langsinte, desse hundretusenvis av nordmenn som reiste til Amerika for over hundre år sidan? For ein grunn må det vera til at dei hevnar seg, og sender uskikkar som Halloween og Black Friday tilbake til gamlelandet.
Her tok dei med seg gode ting som lusekofte, brunost, lutefisk og lefse over «dammen», og så sender dei dette tilbake. Rett nok skal denne «Black Friday» i utgongspunktet hjelpa handelsstanden til å få svarte tal i rekneskapen i staden for raude. Men eg er redd for at det går hin vegen med dei fleste av oss andre, og det før julehandelen har starta.
Snart kjem vel kampanjar med tittelen «Saturday night feever» eller «Sunday people». Då blir det «Mandag morra blues» for mang ei lommebok.
Lars Jostein
27.11.15.
Farleg å leva
I dag vil eg koma med ei sterk oppmoding om å ta HMS på alvor. Er de eigentleg klare over kor farleg det er å vera menneske?
Eg har handla diverse både på IKEA og KID-interiør i det siste. I alle pakningar derifrå ligg det eit papirark, som seier at produktet kan vera livsfarleg. No går eg og vurderer sterkt om eg skal kjøpa hjelm og vernesko til kona. Dei kan ho få bruk for når ho skal ferdast til fots i regionsenteret vårt også.
Det er nok ikkje lenge før det står med stor skrift nederst på kassalappen når ein har handla: «Takk for handelen, og velkomen tilbake. Å kryssa vegane utanfor butikkane kan medføra livsfare. Vér særleg aktsom før kommunen har fått fjerna gangfelta».
Lars Jostein
20.11.15
Deltok i «Divers night»
Laurdag kveld presis klokka 20.15 hoppa fire dykkarar frå Kvinnherad Undervannsklubb i sjøen frå Bogsneskaien på Husnes, som deltakarar i det internasjonale «Divers night».
Vi er blitt eldre
Sist helg deltok eg og spelekameratane mine frå slutten av 1960-talet på Rock ’15 i Husneshallen. Konferansieren, Halvor Folgerø, var så venleg å minna publikum på at dei som hugsa oss frå glansdagane våre, nok ikkje hadde lenge att.
No må nok både kameratane mine og eg over på ein diett utan raudt kjøt, bacon og andre gode i livet. Men denne helga reiser eg og «min betre halvdel» til Bergen for å ha litt fest og moro i lag med ein gjeng sogningar. Det er lite truleg at bergensturen forlengjer livet, men det gjer i alle fall levedagane trivelegare.
Lars Jostein
06.11.15.
Møte med Tjerand Aske
Sigurd Endresen minnest Tjerand Aske rundt 1947–49, i Fjelberg. Han var berre om lag sju år gammal første gongen han såg han, og det seier seg sjølv at han som liten gut ikkje kunne få eit fullstendig og balansert bilete av denne merkelege mannen. Men her er litt av det som han hugsar.