Farvel til ein ven
Alt har si tid, seiest det. Denne veka måtte eg seia farvel til ein gammal og trufast ven. Han var ikkje av dei smartaste, men han var snill og grei, og gjorde stort sett det eg bad han om. Han heldt meg i kontakt med omverda både i skrift og tale.
Etter kvart hadde han fått skavankar så vel fysisk som i indre organ. Det var på tide at han fekk avløysing. Så no er det komen ein smarting med namnet «Samsung» i hans stad. Han ligg og breier seg på stovebordet med sin fem tommars skjerm.
Det blir nok ein del «samsurium» før han vil gjera det eg ber han om.
Lars Jostein
8. april 2016
Om telefonar og slikt
Dei som kjenner meg, eller les denne spalta ein og annan gongen, har nok lagt merke til min innbitte motvilje mot elektroniske duppedittar. Rett nok finns det fleire eksemplar av arten innanfor husets fire vegger. Dei blir stort sett verande der.
Men her ein dag fekk mi standhaftige haldning ein alvorleg knekk. Då eg runda eit gatehjørne på Torgallmenningen, tok tiggarkona frå Aust-Europa opp smarttelefonen sin frå lomma, som om det var den mest naturlege ting i verda.
Eg må tilstå at eg ikkje akkurat brifa med den trufaste følgjesveinen min gjennom mange år – ein Nokia 3210 – då eg hadde sett meg ved kafebordet på toppen av Galleriet og prøvde å koma i kontakt med kona.
Lars Jostein
12. februar 2016
Kultur
Den gode arbeidskollegaen min gjennom mange år, Herbjørn, etterlyser små stubbar som eg skreiv for minst 20 år sidan. Nokre av dei blei trykte i bedriftsavisa på SØRAL under psevdonym, og han kom bort til meg og lurde på kva for ein «snåling» som som hadde forfatta desse raritetane.
For å gle han, vil eg koma med eit eksempel på denne forfattarskapen denne fredagen. Det skulle passa godt. For eg har vore på kulturminnekonferanse i dag, og dette er kultur det er vel verd å ta vare på.
Morgon
Nyvaska
Med tannkremtrut
og Axe under armane
Ruslar eg ut i
den doggfriske morgonen
For å bli møtt av
den umiskjennelege lukta
av det
som bonden har spreidd
over åker og eng
Det er den
som gjev oss
det vi skal leva av.
Lars Jostein
5. februar 2016
Kommunikasjon via Facebook
Denne fredagen vil eg snakka litt om kommunikasjon. Etter inspirasjon frå NRK og TV2 har eg tenkt å testa ut ei ny kommunikasjonsform i heimen.
Det tek altfor mykje tid på morgonkvisten å fortelja om planane mine for dagen. Sidan både eg og mi kjære er på Facebook, har eg tenkt å testa ut følgjande morgonrituale:
I løpet av frukoststunda vil eg berre seia at eg tek meg ein tur ut.
– Vil du ha detaljane om kva eg skal gjera, kan du få nærare opplysningar om det på Facebooksida mi.
Og så har eg sjølvsagt lagt til ei diskret lita melding om kva som hadde vore godt til middag.
Lars Jostein
29. januar 2016
Nye tider
I dag tek eg meg den fridomen og lagar eit nytt ord, «versjonstyranniet». Ein har ikkje før sett seg inn i bruken av ein elektronisk duppeditt, så er produsenten på marknaden med ein ny versjon.
No praktiserer eg den taktikken at eg hoppar over ein tre fire versjonar i slengen. Det sparar ein både tid, irritasjon og pengar på.
Men no skal ein ikkje vera like negativ til nyvinningar, som det ein arbeidskollega var «i hine harde dage». Han kom ein dag rasande ut frå dusjen etter endt arbeidsdag.
– Det har vore nokre tullingar og montert nye armaturar i dusjen, sa han. Og eg som har brukt ti år på å setja meg inn i bruken av dei gamle.
Lars Jostein
22. januar 2016
Sokkar med hol
Eg går rundt i åndelaus spaning for tida. Vil ho som styrer med tekstilane til underteikna koma dragande med ei slik motebukse med store hol på knærne? Eg synest eg ser for meg mannakne koma til syne i si kritkvite vinterutgåve.
Dersom dette nymotens plagget kjem innom dørane her i huset, ser eg føre meg følgjande scenario:
Eg tek motvillig på meg kreasjonen, spradar inn på stovegolvet for å demonstrera vidunderet.
– Men du har jo hol på sokkane dine, kjem det frå innkjøpssjefen.
– Ta det heilt med ro, seier eg. Om ein månads tid kan du gå på You Who og kjøpa sokkar som matchar buksa, med ferdiglaga hol til minst hundre kroner paret.
Lars Jostein
15. januar 2016
Gode forsett
Denne fredagen vil eg koma med ein ofisiell klage til han eller ho som fann opp kalenderen. Dei laga altfor få dagar mellom jul og nyttår.
Her står ein, i ein svak augneblink på nyttårsafta, med litt sprudlande væske i glaset, og fablar om at ein skal koma i bryllupsdressen att. Ikkje for å gifta seg ein gong til, men for å koma i dei ubrukte buksene med livvidde «NN», som heng ubrukte i klesskapet.
Så viser det seg at kjøleskapet framleis bugnar av god julemat, og det er langt til botnen i kakeboksane. Nei, eg trur me utset dei gode forsetta ei veke og to til.
Lars Jostein
8. januar 2016