Bok om Tjerand Aske er ute no
Midt på vinteren i 1931 sykla Tjerand Aske (1906–1976) over Folgefonna! Det er denne historia mange av oss har høyrt opp gjennom tidene, men forteljinga om eventyraren og den litt spesielle mannen frå Borgundøy i Fjelberg har endå fleire sider – både på godt og vondt.
Bok om Tjerand Aske kjem
Vinteren 1931 gjekk Tjerand Aske (1906–1976) frå Fjelberg over Folgefonna, slik han også gjorde året før medan han arbeidde på ein gard i Hardanger. Han skulle tilbake til jordbruksskulen på Utne etter juleferien. Men denne gongen rodde han like frå Borgundøy til Rosendal og gjekk derifrå inn Hattebergsdalen, opp Ringerike til Prestavatnet og vidare innover til fonna.
Bjarne Kaldestad: Sprek 94-åring på Kaldestad
Bjarne Kaldestad har levd eit langt liv saman med kona Edith. Begge er glade for at dei får vera to ilag når dei er komne så langt opp i åra. Kva som kjem etterpå, når det ein gong er slutt her på jorda, går han ikkje rundt og tenkjer på til dagleg. Men han filosoferer likevel av og til over liv og død og kva som er meininga med livet. Han er sikker på at når den siste stunda kjem, er det slutt for godt. Det er ikkje noko liv etter dette, meiner han.
Språkleg innvirkning
Berre så de veit det; eg er fødd i november, er bestemor og les bøker. Dagleg. Men i dag er eg litt i Linda Eide si ånd. I alle fall vart eg det, då eg las eit par setningar på ein blogg eller ein Twitter eller ka det no var, om ei som på kvinnedagen drista seg til å leggja ut eit «self-promoterende» bilete. Ho skreiv noko om «post-metoo» óg, utan at eg fekk heilt med meg kva ho meinte, for då var eg alt blitt litt irritert.
Aslaug Eik: Ser positivt på livet
– Livet har fare fint med meg, trass i nokre sjukdomstilfelle, så eg gler meg kvar dag over at eg har det så godt no i alderdomen. Det seier Aslaug Eik, tidlegare lærar og bondekone i Omvikdalen. Ho er fødd og oppvoksen på ein alminneleg vestlandsgard i Breim i Nordfjord saman med åtte søsken. Aslaug er ikkje i tvil om at ein av grunnane til at ho er blitt over nitti år, og har ei relativt god helse, er at ungane måtte læra seg å arbeida frå dei var ganske små.
Og så er jola over...
Var det ikkje i går då, at me fann fram jolepynten, sette dei gamle tinga våre på faste plassar, pynta joletreet, som aldri har vore finare enn i år, laga til gjesteromma og fylte kakeboksar, kjøleskap og frysarar til randa?
Håkon Røssland: Har vore døden nær to gonger
Håkon Røssland frå Husnes har vore døden nær to gonger i livet sitt, og det er nesten utruleg at han overlevde den siste gongen – i september 2016 – då han fekk hjarteinfarkt med påfølgjande hjartestans i tjue minuttar. Fleire tilfeldigheter og rask innsats frå kona, ein son og helsepersonell både på Husnes og i Bergen, gjorde at han i dag er i live og kan fortelja historia si.
Ovidia Jaastad: Ein ekte kvinnhering i Hardanger
Ovidia Jaastad (101 år) har budd i Hardanger sidan før siste verdskrigen. Likevel er ho kry over at ho framleis kjenner seg som ein ekte kvinnhering. Vi har møtt henne på Utneheimen, der ho har budd dei siste fem åra. Her har ho det trygt og godt på alle måtar; får godt stell av kjekke og flinke pleiarar og middagsmat frå eige kjøken kvar dag.
– Ein kan ikkje ha det betre enn dette når ein er så gammal, seier den utflytte kvinnheringen med jentenamnet Helvik, og opprinneleg frå Sunde.
Kasper Hjelmeland: Klar for siste reis
– Det er eit einsamt liv å vera åleine når du er gammal, så eg vil helst flytta herifrå no, seier snart 99 år gamle Kasper Hjelmeland i Omvikdalen. Men då tenkjer han ikkje først og fremst på at det minkar på tida hans her på jorda, men at han kan få seg ein plass ved Ølve alderspensjonat om ikkje så lenge. Om han får leva ei stund til, er det dit han vil. Det er eit førsteklasses hotell i hans auge. Til Rosendalstunet vil han i alle fall ikkje, slår den aldrande mannen fast.
Takk for innsatsen!
Vel overstått nasjonaldag. Eg gjekk ikkje i tog, og ikkje høyrde eg tale for dagen. Eg såg knapt nok kongen på balkongen! Veit ikkje om eg høyrde «Ja, vi elsker» ein gong. Likevel hadde eg ein svært så triveleg dag saman med kjende og kjære. Så kvifor har eg litt dårleg samvit då?
Trygve Haugland: Kjenner seg ikkje gammal
Trygve Haugland i Uskedalen nærmar seg 89 år, men seier som Kong Harald; det er berre eit tal. Han kjenner seg ikkje gammal på noko vis. Einaste plage han har, er at føtene ikkje alltid er som dei skal. Bortsett frå det fungerer både hovud og syn så bra at han framleis kan køyra på tur i bubil med kona si. Dei to overtok garden på Haugland i 1960 og dreiv han i 32 år. Garden har vore i same slekta like sidan 1700-talet.
Johannes Johnsen: Godt å bu heime i lag med kona
Johannes Johnsen på Sæbøvik er glad for å kunna bu heime ilag med kona si, Kristine, så lenge han kan. Når dei er to, held dei også liv i kvarandre, seier mannen som no nærmar seg 92 år. Eit liv på Halsnøytunet, der mange berre sit og stirer inn i veggene, ser han absolutt ikkje for seg. Han trur det blir alt for passivt for ein som har arbeidd og slite gjennom eit langt liv.
Trygve W. Eikeland: Trivest i eigen heim på Sunde
– Så sant du slepp unna alvorlege sjukdomar og får behalda ei nokolunde tilfredsstillande helse, er det ikkje så ille å bli gammal. Det seier snart 97 år gamle Trygve W. Eikeland på Sunde. At høyrsel og syn er vorte litt dårlegare med åra, plagar han ikkje så mykje. Verre er det at han på grunn av ein dårleg rygg ikkje lenger får stelt hus og heim slik han ønskjer – før han fer herifrå.
Dessutan plagar det han at ungane hans har sine eigne hus på kvar sin kant av landet, og at barndomsheimen deira dermed kan koma på andre hender når han er borte. Den tanken likar ikkje Trygve.
– Må aldri gløyma 9. april!
Bernt Kaldestad minnest enno krigsutbrotet 9. april 1940. Han hugsar avskræmde naboar, som rømde husa sine medan krigshandlingane føregjekk på fjorden utanfor heimen sin.