Terje Fjellhaugen: Hugsar godt siste gongen eg snakka med Tjerand
– Eg bur i ei pappøskje, men har det trass alt bra. Dessutan hjelper eg mange menneske der borte, fortalte han til Terje Fjellhaugen. Kva Tjerand, som då var i slutten av 60-åra, meinte med ein slik karakteristikk av buforholda sine, kan ein berre undrast over. Var det for å illustrera at han låg på gata blant uteliggjarar, slik det ofte er blitt sagt om han, eller var det hybelleiligheten sin på Stovner han omtalte som ei pappøskje? Det får vi aldri svar på, seier Terje Fjellhaugen.
Torleiv Sydnes: Tjerand levde eit villmannsliv, men var ingen villmann
Tjerand Aske levde på mange måtar eit villmannsliv, men var ikkje ein villmann i ordets rette forstand, seier Torleiv Sydnes frå Halsnøy i dette intervjuet. Den tidlegare bonden og journalisten har berre gode minne etter den særeigne småbrukaren frå Borgundøy, som mange i lokalmiljøet hadde sine eigne meiningar om.
Bok om eit kvardagsmenneske
Boka om Tjerand Aske frå Fjelberg er forteljinga om ein kunnskapsrik og uvanleg småbrukar og fiskar, som filosoferte mykje over meininga med livet, men som til slutt ikkje greidde å halda styr på seg sjølv og det vesle gardsbruket sitt. Nokre dagar etter han fylte 70 år, døydde han brått på gata i Oslo under dramatiske omstende.
– Kanskje litt skræmande, men ikkje noko vondt i han!
Solveig Hopen dreiv landhandel på Fjelberg frå 1969 til 1974, og minnest enno godt Tjerand Aske. Sjølv om denne småbrukaren, fiskaren og eventyraren frå Borgundøy kanskje kunne virka litt skræmande på dei som ikkje kjende han, var det ikkje noko vondt i han. Men bestemte meiningar om mangt og mykje hadde han, seier den tidlegare butikkeigaren på Fjelberg. Til dømes var Aske sterkt engasjert under EF-kampen i 1972, og meinte at folk måtte røysta nei til unionen.
Godt frammøte til boklanseringa
Folk kom mann av huse til bok-lanseringa i Sjøstova laurdag ettermiddag. Rundt 60 personar både frå øyane og fastlandet møtte fram for å høyra om Tjerand Aske-boka – langt fleire enn venta.
Bok om Tjerand Aske er ute no
Midt på vinteren i 1931 sykla Tjerand Aske (1906–1976) over Folgefonna! Det er denne historia mange av oss har høyrt opp gjennom tidene, men forteljinga om eventyraren og den litt spesielle mannen frå Borgundøy i Fjelberg har endå fleire sider – både på godt og vondt.
Bok om Tjerand Aske kjem
Vinteren 1931 gjekk Tjerand Aske (1906–1976) frå Fjelberg over Folgefonna, slik han også gjorde året før medan han arbeidde på ein gard i Hardanger. Han skulle tilbake til jordbruksskulen på Utne etter juleferien. Men denne gongen rodde han like frå Borgundøy til Rosendal og gjekk derifrå inn Hattebergsdalen, opp Ringerike til Prestavatnet og vidare innover til fonna.
Bjarne Kaldestad: Sprek 94-åring på Kaldestad
Bjarne Kaldestad har levd eit langt liv saman med kona Edith. Begge er glade for at dei får vera to ilag når dei er komne så langt opp i åra. Kva som kjem etterpå, når det ein gong er slutt her på jorda, går han ikkje rundt og tenkjer på til dagleg. Men han filosoferer likevel av og til over liv og død og kva som er meininga med livet. Han er sikker på at når den siste stunda kjem, er det slutt for godt. Det er ikkje noko liv etter dette, meiner han.
Språkleg innvirkning
Berre så de veit det; eg er fødd i november, er bestemor og les bøker. Dagleg. Men i dag er eg litt i Linda Eide si ånd. I alle fall vart eg det, då eg las eit par setningar på ein blogg eller ein Twitter eller ka det no var, om ei som på kvinnedagen drista seg til å leggja ut eit «self-promoterende» bilete. Ho skreiv noko om «post-metoo» óg, utan at eg fekk heilt med meg kva ho meinte, for då var eg alt blitt litt irritert.
At språket utviklar seg, det er så. Men her er det etter mi meining meir ei språkleg innvirkning. Og når eg fyrst er i det irriterte hjørna, kan eg no ta med «levere». I mitt hovud handlar dette omgrepet om å gje frå seg noko konkret. Postbilen leverer post, før i tida også på døra. Varetraileren leverer varer til butikken.
Men ein som hoppar langt på ski, kanskje til 19 i stil? Han leverer ikkje! Han hoppar fint og langt. Ole Einar Bjørndalen leverer ikkje når han fyk avgarde på ski så slevene renn etter ei feilfri skyting. Han går fort på ski og skyt bra.
I politikken har me rikeleg av språkleg innvikling, så mykje at sjølv ei bestemor som er fødd i november ikkje skjønar bæret. Det kan no vel ikkje vera meininga, vel?
Kva ville Linda Eide sagt? Kan me plis få att eit enkelt og lett forståeleg språk? (Eg heldt på å skriva funksjonelt, men då hadde eg vel møtt meg sjølv i døra.)
Jorunn Toskedal
9. mars 2018.
Aslaug Eik: Ser positivt på livet
– Livet har fare fint med meg, trass i nokre sjukdomstilfelle, så eg gler meg kvar dag over at eg har det så godt no i alderdomen. Det seier Aslaug Eik, tidlegare lærar og bondekone i Omvikdalen. Ho er fødd og oppvoksen på ein alminneleg vestlandsgard i Breim i Nordfjord saman med åtte søsken. Aslaug er ikkje i tvil om at ein av grunnane til at ho er blitt over nitti år, og har ei relativt god helse, er at ungane måtte læra seg å arbeida frå dei var ganske små.
Og så er jola over...
Var det ikkje i går då, at me fann fram jolepynten, sette dei gamle tinga våre på faste plassar, pynta joletreet, som aldri har vore finare enn i år, laga til gjesteromma og fylte kakeboksar, kjøleskap og frysarar til randa?
At jolegjestene kom, og me koste oss ilag med spel og moro? At me sessa oss rundt bordet, song «Fager er jorda» og åt det beste pinnekjøtet nokon gong (Det gjer me kvart år). At heile storfamilien var samla til jolelunsj og triveleg samvær? Late romjolsdagar med trivelege spel og gode samtalar?
Tida går fort til vanleg, og i jola fyk ho. Men det var i alle fall i går det var nyttårsaftan, med vossingar i tre etasjar, og med ei riktig så kjekk feiring ilag med alle på garden.
Og så er det nytt år, med blanke ark og fargestiftar, som det heiter. Kvardagen kan koma og det er litt godt, det óg.
Men eg ser altså tilbakers på ei god jolehelg, og kan berre seia: Du verda, kor heldig eg er!
Jorunn Toskedal
01.01.18.