På skikkeleg skogstur
Dokter Haugen hadde blitt tilkalla til ein pasient i Stussvik. Det var komne nye folk på eit småbruk der, og vegen gjekk ikkje heilt fram til bruket. Haugen kom på motorsykkel, og hadde fått beskjed om å køyra så langt det gjekk an på vegen.
I selskap i doktergarden
Olga Sunde var ein gong i selskap i doktergarden i Rosendal. Det var yngstesonen Endre, som var litt eldre enn henne, som inviterte. Dei var ein gjeng ungdommar, men ikkje så mange, kanskje 5–6 i alt.
Spedbarnskontroll
Astrid Tofte Helland budde på Opsanger då ho fekk det første barnet sitt. Guten var liten og småbroten, og ho var til spedbarnskontroll hjå dokter Haugen på kontoret i Olderkjær sitt hus på Sunde.
Ulike typar «medisin»
Ein kar på Husnes feira rund dag. Det var kald vinter, og det var mange gjester. Stemningen var god, og litt fuktig var det òg. Nokre av karane tok turar ut for å lufta seg i den kalde vinterkvelden, nokre i berre skjortene.
Vatn i kne
Aud Sigrun Fausk hugsar også ein gong då Haugen kom på motorsykkel opp til heimen deira i Langgåt. Bakgrunnen for dokterbesøket, var at far til Aud Sigrun hadde fått vatn i kne.
Øyrebetennelse
Astrid Haugse og familien hadde vore på tur i første del av påsken. Dei kom tilbake til Kvinnherad utpå påskeafta. Astrid hadde fått ein grusom øyreverk, og sidan det var etter at dei nye legane var komne, køyrde dei innom helsesenteret då dei passerte Rosendal.
Ein høg og ein lang
Ein barndomsven av Astrid Haugse vaks så snart, og han vart både høg og tynn. Han gjekk til Haugen og klaga over at han hadde så vondt i kneledda.
Soldat frå Sunde omkom i flystyrt
På kyrkjegarden på Husnes, rett aust for kyrkja, ligg ei grav som skil seg ut frå dei andre. Ikkje fordi ho er eit stort og prangande monument. Nei, det er innskrifta på steinen som er annleis enn dei andre. Den syner at her ligg ein mann med ei spesiell historie.
For sein med god grunn
Astrid Haugse fortel òg ei historie som skjedde etter at ho var blitt vaksen. Då var legekontoret i Ølve flytta til nyeskulen.
Bilen i bekken
Aud Sigrun Fausk i Langgåt på Husnes har fleire minne om dokter Haugen. Frå oppveksten hugsar ho ein gong han kom køyrande i den blå Mercedesen opp den bratte bakken forbi huset deira.
Elsk med måte!
På festane i Turnhallen i Rosendal var det ofte god stemning. Denne historia er henta frå ein av desse.
Trekte fire jekslar
Astrid Haugse, som no bur i Herøysundet, voks opp i Ølve. Ho har mange minne frå Haugen si tid som dokter. Då ho var 10–11 år fekk ho så skrekkeleg tannverk. Ho gjekk då på Husa skule, ein av fire skular i Ølve på den tida, og gjekk frå skulen til dokterkontoret i Holo.
Isolasjon, leiker og lesestoff
Etter at vaksine mot difteri kom inn i vaksineprogrammet for barn i 1952 har denne sjukdommen blitt ytterst sjeldan i Norge. Olga Sunde frå Rosendal, no busett i Uskedalen, fortel at ho vart smitta av sjukdommen for om lag 70 år sidan, altså nokre år før vaksinasjonen mot sjukdommen starta.
Først i køen
Dokter Haugen (1895–1986) hadde utedagar i Holo i Ølve – i huset til Lars Dahle. Der var det ikkje timebestilling, og det galt å vera ute i god tid. Dermed var det som regel godt med folk på venterommet når dokteren kom.
Tok snarvegen
Det var ikkje alltid like lett for dokter Haugen å ta seg fram til pasientane. Sølvi Ulvenes hugsar eit legebesøk ein vinterdag då det var uvanleg mykje snø. Ho voks opp på Saghaugen på Sunde, og eine bror hennar var sjuk med så høg feber at det vart ringt etter dokter.
Sying med presisjon
Aslaug Lyse i Uskedalen opplevde to gonger å få stygge kutt like ved augene, og begge gongene vart såra sydde. Første gongen var ho om lag fem år gammal.
To Mercedesar
Dokter Haugen i Rosendal hadde ein del bilar gjennom åra, og det går også nokre historiar om bilkjøpa hans. Ein gong var han hos Ålgård Bil i Bergen, der han såg på Mercedes.
Grindajente
Marit Storedale i Ølve fortel at far hennar køyrde drosje på 1950-talet, og køyrde dokter Haugen når han var på den sida av fjorden. Om sommaren var Marit med som grindajente, og ho fekk fem øre for kvar grind av dokteren.
Middag på duken
Dokter Haugen kunne vera svært annig av seg, og han kasta som kjent ikkje bort tida. Hushalderska hans, Aslaug Sandvik, sytte for at han fekk mat når han var heimom. Men det var ikkje alltid han kunne koma til middag når ho hadde maten klar.