Dokteren hoppa i vatnet og vassa i land
Dokter Haugen hoppa på sjøen og vassa i land fleire gonger då han var ute på sjukebesøk. (Teikning: Ole Bjarte Røssland).
Bok om dokter Haugen
BILDE: Haugen var alltid pen i tøyet, endatil når han dreiv med hagearbeid. (Ukjend fotograf).
Søkjer om støtte til seniorsenter
Arbeidsutvalet har diskutert fleire tomtealternativ i Husnes sentrum. (Foto: Daniel Morso)
Ferjesambandet Kvinnherad – Stord
– Vi må slutta å sjå på alternativ på Stord, seier Hilde Enstad (Ap) i debatten om nytt ferjestø på øya. Korkje ho eller andre i partiet hennar er særleg imponerte over det som har skjedd (les: ikkje skjedd) i inneverande periode. Ved kommunevalet for snart fire år sidan gjekk Ap inn for Sunde – Jektevik, men har ikkje fått gjennomslag for det. No skal det bli interessant å sjå om dette blir valkampsak enno ein gong.
Men til poenget: Det er ikkje vanskeleg å forstå frustrasjonen i delar av det politiske miljøet over manglande resultat. Men dei folkevalde er såvisst ikkje åleine, for mitt inntrykk er at langt dei fleste tykkjer dagens reise med bil og ferje til og frå Skjersholmane er unødvendig lang. Men blir turen noko særleg kortare mellom Sunde og Jektevik? Neppe! Einaste fordelen med å bruka Ap sitt alternativ, er at vi som bur på fastlandet i Kvinnherad slepp å køyra «omvegen» om Halsnøy (ca 14 km frå Sunde, ifølgje NAF sin ruteplanleggjar) og at vi slepp å betala bompengar i tunnelen. Bompengane vil elles etter planen opphøyra om fire år.
Eg trur politikarar og andre som er skuffa over det som er gjort/ikkje gjort i høve til nytt ferjestø på Stord, berre må resignera, det er nyttelaust å kjempa vidare for noko betre. Dessverre! Bruk heller energien på meir langsiktige planar, som til dømes ferjefritt samband mellom Sunde/Husnes-området og E39 på Tysnes. Så får vi heller sitja på ferja til Skjersholmane eller Jektevik og irritera oss over stordabuen som vil ha det slik i uoverskueleg framtid.
Heldigvis har vi eit godt og tenleg snøggbåtsamband mellom kommunane, som er betre enn ein lang ferjetur. Og skal vi til Haugesund med bil er Utåker – Skånevik og Sydnes – Utbjoa langt å føretrekkja framfor turen om Skjersholmane.
Slik ser no eg på saka.
Kristian Hus
Kriminalomsorg i gammal tid
I bokverket KVINNHERAD 1 (1972, side 251) er det nokre groteske døme på «kriminalomsorg» rundt 1600 og framover i tid:
Anders i Mauranger vart dømt til døden og avretta i 1625 avdi han fekk barn med søsterdotter til kona, og jenta måtte og lata livet «…for hvilcken deres begangen Mizgjerninger de ere dømbt og henrettet under Sverdet».
Og Johannes frå Uskedalen hadde «bolieret med et qvindfolck som var hans nære slekt». Han vart dømd i 1617, men unnslapp avretting og gøymde seg i skogen.
Straffa vart utført av skarprettaren med hovudsete i Bergen, og på denne tida var det etter tur Adam Korts, August Høcker og Johan Heinrich Helmschlager. Sistnemnde kan du studera på nettet om du tåler ein trøkk. Han etterlet seg ei merittliste der ein stor del av dei avretta var unge mødre. Hans «tenester» fylgde også ei prisliste, så alt var i tråd med god rekneskapsskikk.
Mykje gjekk for seg på Nordnes i Bergen. Når han måtte ut i «distriktene», var det pålagt bønder langs reiseruta å gje han fri skyss. Ikkje så populært det, nei.
Johannes Guddal
Stakk grannen med kniv
Det er fredag og Detektime-tid. Her er ei sak frå Kvinnherad 1663. Mikkjel Undarheim vart stemd for retten for å ha stukke grannen Johannes med kniv. Årsaka til striden var ein hane som Mikkjel åtte, han var komen inn på åkeren til Johannes. Der kunne han ikkje få gå, så Johannes hissa hunden sin på han.
Dermed gjekk Mikkjel og kona hans til åtak, og kona greip Johannes i håret. «Hårdrag», som det heiter i rettsprotokollane, var nokså vanleg med den tids frisyre. Då ein tredje nabo, Jesper, blanda seg inn i striden, greip Mikkjel til våpen, og Johannes fekk ei rispe i armen.
Korleis det gjekk? Forlik!
Vi kvinnheringar er snille folk!
(Henta frå bygdebok for Kvinnherad, band 1)
Arbeidet for seniorsenter i gang
Før jul møtte kring 70 menneske opp i kulturhuset for å høyra om planane for eit seniorsenter på Husnes. No er idéen kome eit steg vidare i meir organiserte former. Ei nemnd utpeika av Frivilligsentralen si seniorgruppe hadde sitt første møte torsdag, der vegen vidare blei diskutert og litt meir konkretisert.
Tilsyn med eldre – ei oppgåve for Posten?
Det statseigde konsernet Posten Norge AS vil redusera omberinga ytterlegare; frå fem til tre gonger i veka. Laurdagen har allereie vore postfri i fleire år. Det blir mindre og mindre post til ombering og det må konsernet forholda seg til for å spara pengar, seier leiinga i Posten. Elles vil konsernet måtta få større tilskot frå fellesskapet. Brevmengda har falle frå nær 1,7 milliardar i 1999 til ei estimert mengd på om lag 400 millionar neste år.
No reagerer både politikarar og folk flest over heile landet på Posten sine planar. Mange lokalaviser fryktar òg konsekvensane dersom eigaren av Posten, Samferdsledepartementet gjev grønt lys. Partiet SV er blant dei som reagerer og vil at Posten skal få nye oppgåver for å hindra nye reduksjonar. Posten sitt leveringsnett landet rundt bør kunna brukast til andre tenester, som til dømes tilsyn av eldre, meiner SV.
Partiet har undersøkt korleis Posten i andre land har fått fleire bein å stå på, og vil ha ei statleg utgreiing om slike ordningar i Norge òg. I Frankrike står Posten for medisinutlevering, henting og levering av bøker og filmar, samt tilsyn av eldre. I Finland har dei testa ut besøk og assistanse til eldre, levering av mat og plenklipping. Også Nederland tilbyr matlevering, medan Tyrkia tilbyr bibliotektenester for funksjonshemma – og eldre.
Forslaget frå SV bør få oppslutnad på tvers av politiske skiljeliner og ulikt syn på kva staten skal driva med. Eg heiar på ideen om at ei av oppgåvene for tilsette i Posten skal vera tilsyn med eldre heimebuande. I Kvinnherad er det eit politisk og administrativt mål at eldre skal bu lengst mogleg i eigen heim. Det er vel og bra, men då må kommunen også syta for at eldre som bur heime får nødvendig tilsyn i det daglege. Eg har høyrt om tilfelle der postmannen har kome innom einslege heimebuande berre for å seia hei og samtidig sjå til korleis dei har det. Noko slikt bør vi få til i Kvinnherad òg.
Kristian Hus
10.01.2019
Nyttårsforsett?
Me er vel fleire som skulle slanka seg, slutta å røykja, eta sunnare, trimma meir, bli snillare, ha det ryddigare, ta klesvasken etter kvart osv. osv. på nyåret? Kanskje er me like mange som opplevde at dei gode forsetta kokte bort i kålen etter nokre dagar/veker óg?
Det er nemleg ikkje berre å seia halleluja, ein skal gjera det òg, som me veit. Ikkje like enkelt.
I fjor hadde eg planar om å leggja fem kroner på sparebøssa for kvar gong eg sa "Uff, nei, no må eg…» Det vart ikkje den heilt store kapitalen, for å seia det slik. Eg trur eg gløymde heile greia. Det har seg nemleg slik at eg er slutta å hugsa.
Kanskje skal eg slutta å klaga over det? Til glede for mine næraste? Hadde eg berre hugsa på det..
Men eitt er sikkert: Ein smil er gratis. Dessutan ser eg finare ut, og humøret stig opptil fleire hakk når eg smiler. Men eg trur ikkje at eg kallar det nyttårsforsett. Eg berre gjer det.
Jorunn Toskedal
Jul
Det blir visst «Grey Christmas» i år også.
Min barndoms jolekveld vart innleia med at me fire søstrene trakka i skorne og sprang ut på tunet klokka fem om ettermiddagen for å høyra at dei malmtunge klokkene i Vangskyrkja ringde jola inn. Me var nybada og hadde fått på oss nye jolekjolar, og så stod me der i snøen og fraus i eit tosifra tal kuldegrader til nasetippen vart raud.
Jola er fyrst og fremst ei tid for samvere med familien for dei fleste, og eg er svært glad for å ha mine kjære rundt meg. Me blir ikkje fulltallige i år, men me skal no kosa oss, me som er her. For mange andre kan jola vera ei vanskeleg tid. Du kjenner på sorg og sakn, eller du er einsam, utan nokon å dela joledagane med. Å reisa vekk frå alt kan vera freistande, slik me gjorde eit år då me hadde lagt eit vanskeleg år bak oss. Og jol i Napoli var slett ikkje så verst.
Aldri er det vel tøffare dagar for den som står utanfor enn nettopp i jola. Difor er det så fint at nokon stiller opp og lagar jol for andre, slike som Røde Kors og Kirkens bymisjon. Nokon opnar også opp heimane sine, og tek imot ein jolegjest eller to.
Hatten av for dei!
Jorunn Toskedal