Ei nifs oppleving i Stalheimskleiva
Sokneprest Knut Sellevold kjøpte første bilen sin, ein Morris 10 frå dokter Haugen rundt 1950. Bilen hadde dobbelt clutch, etter som synkroniserte girkassar kom først nokre år seinare, så det var ikkje alltid like enkelt å få giret ned frå høgt til lågt turtal.
Dyktig, arbeidssam og pliktoppfyllande
Endre Haugen (1895–1986) var distriktslege i Kvinnherad frå 1934 til 1966. Etter det dreiv han privat praksis fram til 1979. Då var han blitt 84 år gammal.
Seniorsenteret i Husbanken si årsmelding
Seniorsenteret Husnes er i Husbanken si årsmelding for 2022 trekt fram som eit godt og vellukka prosjekt. Banken deltok i finansieringa av prosjektet med 82,6 mill kroner, medan dei totale kostnadene var på 97,1 mill kroner.
«Nytt» Baronispel
23. juli 1987 var det premiere for det første Baronispelet i Rosendal. No har Sundal Media for eiga rekning gjort dei gamle filmopptaka sine mykje betre gjennom ny programvare. Sjølve digitaliseringa av den 36 år gamle filmen vart gjort for nokre år sidan, fortel Egil Sundal.
Båt-bok på beddingen
Arbeidet med boka, eller bøkene om dei mange frakte- og fiskebåtane frå Halsnøy, Fjelberg og Valen går på fram, jamt og trutt nokolunde i rute. Alt i alt er det snakk om kring 350 motoriserte farty, og ein god del av desse vil bli omtala i den første boka, som er planlagt å koma ut i haust.
Helsehus med noko attåt
Kvinnheringen skreiv nyleg om at kommunen no er klar til å starta arbeidet med forprosjektet for eit nytt helsehus på Husnes. Eg trur mange ser fram til eit slikt tiltak i regionsenteret, rett og slett fordi det er eit stort behov for å samla tenestene. Dei som i dag har arbeidet sitt ved Husnes helsesenter har òg gjeve uttrykk for at arbeidsforholda deira i dag langt frå er optimale.
Bok om den nære fortida i Uskedalen
Uskedal Historielag har arbeidd med stoff frå bygda si nære fortid, og har gitt ut boka «Den nære fortida». Skriftstyret har funne plass til 22 artiklar og mange interessante bilete. Den mest omfattande er samlinga av ulike personlege minne, som framleis finst om kva som hende i bygda i dagane rundt 20. april 1940.
Ny bok om stikkvegane frå E134 Haukelivegen
Denne veka lanserer Geir K. Hus si nye bok «Spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen». Gjennom store bilde og små tekstar får lesarane sjå meir av naturen og kulturen langs tre av vegane sør-vest frå E134.
Spelemann og bokskrivar
Lars Jostein Rørvik var knappe 18 år gammal då han i 1966 fekk tilbod om å bli vokalist i dansebandet The Tempers. Seinare har han stått på ulike scenar og sunge i fleire band i over femti år. Ei oppteljing viser at han frå 1979 og utover hadde kring 300 speleoppdrag rundt om i heile distriktet, kven som engasjerte dei og kor mykje dei tente på kvar jobb. No har han skrive bok, og her kan du høyra eit intervju med han.
Frode Sæbø: Dyrevernnemnda tok sauene på Aske
Frode Sæbø var blant mannskapet på fiskeskøyta «Fjelldur», som i 1972 hadde fått oppdraget med å reisa til eit småbruk på Borgundøy i Fjelberg for å henta sauene til Tjerand Aske – med tvang. Oppdragsgjevar var dyrevernnemnda i Kvinnherad kommune. Frode var på fiske og minnest enno det uvanlege ærendet han og nokre andre ungdommar frå Halsnøy var med på.
Per Arne Fjelberg: Tjerand var stor og sterk, men sjenert og folkesky
Han var stor og sterk, men stillfarande, og kanskje endåtil litt sjenert og folkesky. Slik hugsar Per Arne Fjelberg frå Halsnøy småbrukaren og fiskaren Tjerand Aske. Han må ha slite noko forferdeleg for å halda liv i seg og dyra, legg halsnøybuen til når han fortel.
Nytt byggjefelt på Husnes
Det nye kommunale byggjefeltet mellom Lonabrotet og Bogsnes på Husnes nærmar seg fullføring. Under ein spasertur gjennom det nye feltet, kan vi slå fast det er blitt eit flott område. Venteleg blir det òg attraktivt å byggja her. All infrastruktur er allereie på plass i feltet, som totalt er på bortimot 40 dekar.
Avisene må ta ansvar!
Den tidlegare kommunepolitikaren Arne Hauge har i eit avisintervju utfordra lokalavisene våre om å ta ansvar, og få samfunnsdebatten tilbake til avisa. Han fryktar at demokratiet forvitrar dersom debatten berre føregår på Facebook.
– Avisene må ta samfunnsoppdraget sitt på alvor og løfta dei viktige debattane inn igjen i redaktørstyrte organ, seier den pensjonærte læraren i eit intervju med Kvinnheringen.
Eg er enig med det Hauge skriv; «...avisene må passa seg for å gjera seg uaktuelle». Men i dagens digitale og oppjaga medieverd, der alt på død og liv må ut til lesarane nesten før journalisten har sett punktum, trur eg avisene vil få problem med å få debattane inn i papirutgåvene sine igjen. Den tida er langt på veg forbi, og det er berre sporadisk at nokon få av oss nyttar seg av lesarbrevspaltene i papirutgåvene. Det går nesten an å telja på ei hand kven som ytrar seg på «gamlemåten».
Grenda og Kvinnheringen kjem til dømes no ut berre to gonger i veka, og det er for sjeldan til at vi får ein levande debatt i papirutgåvene. Dei som skriv, må som oftast venta i ei veke eller to før nokon kjem med tilsvar. Då blir det ikkje ein levande og tidsaktuell debatt. Men det er kanskje heller ikkje det Arne Hauge ser for seg? Han tenkjer nok på avisene sine eigne nettsider, han òg, tippar eg.
Så sterkt som Facebook står i dag, er det bortimot håplaust, enn seia umogleg, å flytta aktuelle debattar og kommentarar vekk frå den populære nettstaden. Likevel bør avisene leggja til rette for ein meir levande og lokal debatt på sine redaktørstyrte nettsider, slik det var for ein del år tilbake. Problemet med upassande ordbruk og personhets, slik vi ser tendensar til på Facebook, bør det vera mogleg å stoppa.
På Facebook er det ofte mykje tull og tøys og useriøse kommentarar når diskusjonane går for fullt. Det vil vi venteleg bli sparte for på avisene sine nettstader.
Eg vågar også påstanden at ein del av dei som skriv på Facebook er med og øydelegg språket vårt. Her òg har avisene verkeleg ei viktig oppgåve.
Kristian Hus
Kvinnherad bandbase – eit lokalt pop- og rock-leksikon
Eit prosjekt som freistar laga ei oversikt over pop- og rock frå Kvinnherad er i emning. Forfattar Lars Jostein Rørvik og Skimtvis er i gang med å samla namn på alle band og artistar som har vore aktive i Kvinnherad frå 1965 og framover.
Ein pause frå covid-19?
Koronapandemien er alvorlege saker, og den skal vi ta på største alvor, og ikkje kimsa av. Men eg trur likevel folk flest no har nådd eit metningspunkt når det gjeld omtale i media, og at ein er leie.
I Kvinnherad oppdaterer kommunen nettsida si om smitten kvar einaste dag, og lokalavisene følgjer opp med store overskrifter og konkrete tal over kor mange som er smitta. «Nok eit døgn med høge smittetal», skriv til dømes Kvinnheringen den 20. januar. «Onsdag vart det registrert enno fleire tilfelle av koronasmitte i Kvinnherad», skriv Grenda. Riksdekkande TV og radio er enno meir aggressive i sin iver etter å fortelja oss kor gale det er. Eller kan bli, viss vi ikkje passar oss.
Vi nærmer oss no to år med restriksjonar, påbod, testing og vaksinering. Det trur eg mange etter kvart er skikkeleg leie av. Mange unge som sit i isolasjon har det òg vanskeleg. Tenk om vi kunne få oppleva berre éin einaste dag utan dette maset om koronasmitte? Hadde ikkje det vore litt bra for psyken vår?
Eg oppmodar først og fremst lokalavisene om å ta ein liten pause, berre éin dag om så er, kjemisk fri for alt som har med covid-19 å gjera? Det vil vi alle ha godt av!
Kristian Hus
Eldst i landet og bur i eigen heim
Han er den eldste mannen i landet og bur framleis i huset sitt på garden Eide i Tørvikbygd i Kvam kommune, ikkje langt frå Eidesvatnet. Her blei han fødd den 3. juli i 1914, tre dagar før første verdskrigen braut ut. Fødselsdatoen stadfester at Vidar J. Eide går i sitt 108. år. Hardt arbeid, mykje mjølk og grovt brød er noko av forklaringa på den høge alderen.
Ny bok: Prestegardsminne
Forlaget Skimtvis er klar med si andre lokale bok denne hausten. No kjem boka Prestegardsminne, som har sitt utgangspunkt i Malmanger prestegard i Rosendal.
Når dei eldre svelt
Det er nesten ikkje til å tru, det som er kome fram i riksmedia i det siste: Langt fleire menn og kvinner døydde av svolt og underernæring i norske sjukeheimar i 2020 enn dei som døydde av Covid19! Venteleg er ikkje Kvinnherad med i denne statistikken, men det er likevel grunn til å tenkja over problematikken. For dei eldre si skuld!
Vi snakkar om ei sårbar gruppe menneske, som i den siste fasen av livet sitt må opphalda seg i ei seng, på eit rom i ein institusjon der dei er fullt og heilt fråteken muligheten til å påverka sin eigen situasjon.
Det er eit mareritt for mange av oss, å måtta enda opp i ei sjukeseng etter eit sjølvstendig og innhaldsrikt liv på dette rommet med framande, med liggjesår, bleier, smerte, håttaløyse, dagar som kjem og går, altfor mykje tid og utan mulighet til å eta sjølv. Fullstendig overgitt til helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og legar. Som alle gjer så godt dei kan, men som har det travelt. Av og til slitne og oppgitte.
Dei gjer så godt dei kan, desse hjelparane. Men når så mange gamle svelt så å seia rett framfor augene deira, må det vera lov til å stilla spørsmål ved systemet vi har bygt opp i vårt moderne velferdssamfunn. For det fungerer openbert ikkje godt nok, når endåtil Helsedirektoratet påpeikar at alt for mange eldre døyr av underernæring og svolt på mange institusjonar, i eit land som nesten bugnar av mat og drikke!
Det trengst å ropast eit varsku!
Kristian Hus
Kjelde: ViOver60.
Per Flatebø: Køyle-Peren reflekterer over livet sitt
Ikkje er han døypt, ikkje er han konfirmert og ikkje trur han på nokon gud heller, snart 92 år gamle Per Flatebø i Mauranger. Derimot er han politisk overtydd; han røystar på partiet Raudt og vil gjera det neste gong òg, om han lever. Han har meir tru på dei raude enn på nokon andre. Alkohol bryr han seg heller ikkje noko om lenger.